JON FOSSE MED SCENISK VERSJON AV DEN ELDRE EDDA I samband med premieren av Edda regissert av Robert Wilson på Det norske teateret 4. mars 2017 kjem bokversjonen. Gudedikta i det som i dag vert kalla Den eldre Edda, har levd i folkemunne i uviss tid før dei blei skrivne ned på Island på 1200- og 1300-talet. Samlinga har blitt gjenoppdaga på midten av 1600-talet og sidan, saman med Snorre-Edda (Den yngre Edda), vore det mest sentrale verket i den norrøne mytologien. Den sceniske versjonen til Jon Fosse byggjer på fleire av dei kjende dikta som Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar. Fosse har gitt dikta si personlege form. Han har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar, og han maktar å flytte historiene nær oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne.
Gudedikta i det som i dag vert kalla Den eldre Edda, har levd på folkemunne i uviss tid før dei blei skrivne ned på Island på 1200- og 1300-talet. Samlinga blei gjenoppdaga på midten av 1600-talet og har sidan, saman med Snorre-Edda (Den yngre Edda), vore det mest sentrale verket i den norrøne mytologien. Våren 2017 blir Edda sett opp på Det norske teatret, regissert av Robert Wilson. Jon Fosse står bak skodespelet, som byggjer på fleire av dei kjende dikta, mellom anna Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar. Fosse har gitt dikta si personlege form og skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar. Omtalen er utarbeidd av BS.