Om få år er verda heilt forandra. Byar og land har forsvunne under havet som stig. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme. Nokre frå krig. Forskingsskipet Bluenose skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Saman med mannskapet og forskarar er dei norske trettenåringane Jamal og Eira om bord. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Men så hamnar skipet midt i ei brutal krigssone. Jamal og Eira forstår at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med eit stormfullt hav, menn med maskingevær og vulkanen som vaknar.
. - Passer for 9-12 år
Dei norske trettenåringane Jamal og Eira er om bord på forskingsskipet Bluenose. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Forskingsskipet skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Då skipet hamnar midt i ei brutal krigssone forstår Jamal og Eira at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med det stormfulle havet, menn med maskingevær og ein vulkan som er i ferd med vakne. Omtalen er utarbeidd av BS.