Kampen mot konkurransesamfunnet. Jordmor Arne Fjørtoft meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande fotballsupporter. Det irriterer han derfor grenselaust at alle stadig prøver å endre han. Både på jobb og på heimebane møter Arne unge menneske som er besette av å konkurrere og effektivisere, og som ser på han som ein trussel mot omdømmet til familien og fødeavdelinga. Irritasjonen toppar seg då den nye avdelingsleiaren prøver å gjere han til ein betre kundebehandlar. Arne nektar å tilpasse seg. Han går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere, og med seg på laget får han etter kvart ein energisk gjeng i festhumør.
Arne Fjørtoft er jordfar og Brann-supporter. Ifølgje eiget utsegn har han det bra. Familielivet er godt og han trivast i jobben sin. På fritida dyrkar han fotballen, og felleskapet han finn blant dei andre supporterane, som reiser frå kamp til kamp, gjev mykje glede. Men rundt han, både heime og på jobb, er det unge menneske som oftare og oftare vil ha han til å endre seg. Arne blir umåteleg irritert på det han oppfattar som ein unaturleg trong til å konkurrere og effektivisere. Dei gjev han inntrykk av at han er ein trussel for det gode namnet og ryktet til både familien og fødeavdelinga der han jobbar. Arne tek opp kampen mot det som gjer livet meir stressande, likegyldig og einsamt. Og i ryggen skal det vise seg at han har støtte frå ein livsglad flokk. Omtalen er utarbeidd av BS.