Einsemd i mørker og lys. «Blø meg sakte ut» fortel om eit eg som ikkje lenger kjenner seg i kontakt med verda rundt seg. Faren døydde nyleg, og mora har gått inn i ein sorgprosess som kjennest kvelande og framand. Forteljaren grundar over kjenslene rundt tapet og søkjer nærleik i nye stader og nye ting for å erstatte den manglande morsfiguren. Byen står som ramme rundt forteljinga, som noko både kjend og ukjend. Samlinga rører ved emne som depresjon, angst, framandgjering og avmakt, men rettar òg blikket mot empati, menneskeleggjering og ein liten kjerne av von.
Det handlar om tapet av ein far, og det handlar om å miste ei mor som grev seg ned i ei altoppslukande sorg, der det ikkje finst plass til nokon andre. Diktsyklusen «Blø meg sakte ut» skildrar ein forteljar som balar med kjensle av framandgjering og avmakt. Eit einsamt eg på leiting etter ein måte å få kontakt med verda igjen. Dette er Endre Tveit si fyrste diktsamling. Omtalen er utarbeidd av BS.