Midt i klimaendringane. I 2006 byrja vestlendingen Line Nagell Ylvisåker som journalist i Svalbardposten. Same året skreiv ein kollega i avisa at Svalbard kunne bli opptil åtte grader varmare i 2100, men Nagell Ylvisåker lét seg ikkje affisera. Ho susa rundt på skuter, blei kjent med fjella og midnattssola og fekk fridom gjennom eiga bjørnerifle. Våren 2019 hadde Longyearbyen vore varmare enn normalen meir enn åtte år i strekk. Dei første åra merka ikkje Nagell Ylvisåker endringane, men frå 2015 skjedde det noko. Snøen dundra ned frå fjellet Sukkertoppen, og ei to år gamal jente og ein familiefar døydde. Det gjekk jordskred, og hus vart evakuerte då jorda sprakk opp etter kraftige regnvêr. Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar, kalla plassen for heime, men brått tok ho seg i å bli uroleg når det vart varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer i hennar kjære Longyearby? På leit etter svar snakkar ho med venninna og skredvarslaren som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker klimaforskarar og ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg. Ho reiser ut på tokt med han som truleg var den første som såg at djuphavet vart systematisk oppvarma, møter tre isbjørnar på fottur med ungane, jaktar på fossil og følgjer sikringa og flyttinga av hus i Longyearbyen. Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leva midt i klimaendringane.
I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet.
Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dager skjer med byen hennar?
På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane.
Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.
Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) kjem frå Sogndal. Ho er utdanna journalist og arbeidde i Svalbardposten frå 2006 til 2018.