Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
[2019] . - Bok . - 77 sider
Nynorsk
Opplysninger:
Mange barn og vaksne i norske barnehagar og klasserom har erfaringar frå mange andre skriftsystem enn det latinske alfabetet. Få ei innføring i korleis dette blir ein ressurs i opplæringa.Som lærar og barnehagelærar er det stor sjanse for at du møter barn, unge og vaksne som har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet vi brukar i Noreg. Det kan vere elevar som har lært å skrive med arabiske bokstavar før dei kom til Noreg, barnehagebarn med russiske foreldre som skriv namnet sitt med kyrilliske bokstavar, eller barn som har lært å skrive med tamilsk skrift på den tamilske laurdagsskulen. Ein lærar som har kunnskap om skrifterfaringane til eleven, kan lettare hjelpe eleven til å bygge bru til det norske alfabetiske skriftsystemet. Denne boka gir nettopp det: Grunnleggande kunnskap om skriftsystema og gode råd for korleis arbeid med skriftsystem og synleggjering av den skriftspråklege kompetansen i klassen kan styrke det metaspråklege medvitet hos alle elevane i klassen. Forfattaren gir mange døme på skriftspråkslæringa til skuleelevar, barnehagebarn og deltakarar i vaksenopplæring og på gode undervisningsopplegg. Både lærarar og lærarstudentar vil ha stor nytte av denne boka. Edit Bugge er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Der underviser ho i lærarutdanninga og i barnehagelærarutdanninga, og ho er knytt til forskingssenteret BARNkunne. Ho har skrive ei rekkje vitskaplege artiklar om barns språktileigning og om språkleg variasjon og endring.
Hylleplass:
302.2 B
Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Skriftspråkleg mangfald som res
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom
https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=484236