38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane og den snille schæferhunden Otto med seg i fallet. Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Olga blir svikta av mannen sin etter 12 års ekteskap. Han forlet henne til fordel for ei yngre kvinne. Det er sommar, uuthaldeleg varmt, Olga kjenner seg innestengd i leiligheiten. Ho er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og sakte, men sikkert mistar ho grepet. Dei to borna og hunden Otto dreg ho med seg i fallet. ”Svikne dagar” er ein roman om ekteskap, moderskap og åleineliv.