Norsk motstandskamp under den andre verdskrigen var også kvinnene sin kamp. Alt frå husmødrer med mann og barn til dristige ungjenter kasta seg inn i kampen mot okkupantane. 26 norske kvinner mista livet på grunn av motstandsverksemd. Kvinnene deltok på ulike frontar - illegale aviser, dekning, etterretning, men og i sabotasje og militære aksjonar. Mange opplevde lange fengselsopphald og tortur, men kvinnene forsvann likevel frå forteljinga om den norske motstandskampen utover 1950- og 1960-talet.
Historikar Kristin Hatledal gjev oss ein brei dokumentasjon av det motstandsarbeidet norske kvinner gjorde i heimlandet, samstundes som ho portretterer sentrale motstandskvinner som Anne Marie Breien, Sigrun Solberg, Dagmar Lahlum, Ingeborg Refling Hagen, søstrene Helga og Aasta Stene og søstrene Olaug og Leikny Karlsen.