Ei rikt illustrert bok der to vener og sambygdingar av diktaren synar fram samspelet mellom mannen og den bygda han budde heile livet. Saman med minne og hendingar som ikkje tidlegare er festa på papir, er her også samla uprenta dikt, egne og omsette, frå ungdomstida hans og seinare. Med sin lokalkunnskap har forfattarne kunne utvida og forklara korleis mange av Hauges dikt tek utgangspunkt i naturen i og kring Ulvik.
Vel so 80 illustrasjonar, fleire ukjente foto, handskrivne diktmanus og somme slisser krydrar ein personleg tekst der hoggestabben, eplehagen, kulturlandskapet og bygdefolket står sentralt.