Forlaget skriver om denne boka:
Halldis Moren Vesaas (1907-1995) er ein av våre mest folkekjære lyrikarar. Ho debuterte 22 år gammal med diktsamlinga Harpe og dolk. Mellom debuten og fram til 1955 gav ho ut sju diktsamlingar. Den siste diktsamlinga, Livshus, kom like etter hennar død.
Halldis Moren Vesaas er ein av pionerane for den nye kvinnelyrikken i 1930-åra. Ho formidlar felles kvinnelege erfaringar, frå ungjente, ektemake og mor. Dikta hennar har eit tradisjonelt formspråk, og ho vekslar mellom bundne og frie vers. Halldis Moren Vesaas har også skrive barnebøker og essays, og to minnebøker om samlivet med Tarje Vesaas.