Jo Istad er ein gut som uroar seg for mykje. Til dømes tykkjer han det er særs pinleg å måtte gå med streng på tennene, særleg no når han skal begynne på ungdomsskolen til hausten. Og som ikkje det er nok skal han snart få plattfotsolar i skorne. Korleis skal det då gå med fotballen? Han bur saman med Bestefar, tre søstre, mor og far på ein gard på Vestlandet. Gjennom forteljinga får vi innblikk i viktige hendingar i gutens liv; feriereisa til Bornholm, vanskar på skolen, oppklaring av eit uventa innbrot med meir. Det er Jo som fortel. Det som ber handlinga er hans særprega og humoristiske måte å sjå både seg sjølv og omverda på, og undervegs i forteljinga mister han mykje av den uskuld som pregar veremåten hans i innleinga. Språket er ledig og tankar og hendingar er spunne saman med sikker hand, sjølv om nokre ord og vendingar verkar litt daterte.