Livssyn er ei allmenn grunnbok i livssynskunnskap. Boka kom først ut i 1982, vart revidert første gongen i 1992, og kjem no på nytt, denne gongen grundig revidert og oppdatert.
Forfattaren presenterer dei viktigaste livssynstradisjonane som gjer seg gjeldande i dag, først kristendommen, så dei sekulære livssynsperspektiva humanisme og naturalisme, og til sist nokre nyreligiøse perspektiv. Livssynsfenomenet blir diskutert og sett i lys av både historisk utvikling og aktuelle samfunnsforhold.
Boka er særleg aktuell i lærarutdanning og universitetsstudier innanfor kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, men vil også kunna høva for ulike profesjonsstudier, der ein treng ei elementær innføring om ulike livssyn, menneskesyn og etiske perspektiv.