- Oppdatert utgåve av innføringsboka i miljø- og kulturvern
- Nyskrivne kapittel etter endringar i forvaltning, lovverk og kulturpolitiske målsetjingar
- Dekkjer alle typar kulturvern, frå vern av bygningar og landskap til matskikkar og forteljartradisjon
- Drøftar korleis kulturvern kan drivast for å gi eit betre miljø og samfunn
- Gir råd om planlegging for tilrettelegging for vern
- Obligatorisk for alle som steller med miljøvern, kultur og planlegging i kommunar og fylkeskommunar
- Grunnbok for utdanning i ulike former for kulturarbeid
- Nyttig handbok for alle som driv med frivillig kulturvern
Sigrid Bø (fødd 1946) er I. amanuensis i kulturhistorie og kulturvern ved Avdeling for kultur og humanistiske fag, Høgsko-len i Telemark - Bø. Ho hår vore distriktskonservator og museumsstyrar og drive med frivillig kulturvernarbeid.
Turid Følling Eilertsen (fødd 1939) er kulturvernkonsulent i Nordland fylkeskommune i Bodø. Ho har arbeidd ved Lokalhistorisk institutt, undervist i historie på Universitetet i Tromsø og i kulturarbeid på ulike høgskolar og skrive bygdebok.