Olav H. Hauge frå Ulvik og Jan Erik Vold frå Oslo var kollegaer og gode venner i meir enn 25 år. I denne boka samlar Jan Erik Vold artiklane han har skrive om Hauge, samtalane han har hatt med Hauge, foto han har teke av Hauge og dikt han har skrive til Hauge. Mykje av dette stoffet har ikkje vare prenta før.
Det heilt nye i boka er dei 134 breva Hauge skreiv til Vold i perioden 1967-1994. Saman med Volds kommentarar kan dei lesast som ei kartlegging av Hauges litterære verd. Det er sjeldan ein får eit slikt nært innblikk i ein personleg vennskap og eit levande litterært miljø. Mannen frå Ulvik har spela ei stor rolle for framveksten av ein ny litteratur her i landet.
Under Hauges ord er ei rik og mangslungen bok, som viser poeten Hauge som ein av våre store brevskrivarar og essayisten Vold som ein fin formidlar av Hauges kunst.
2. opplaget