Et skattkammer av strikkemønster og kulturhistorie. Med utgangspunkt i eit råvarelager av strikkefiller nystar forfattaren seg bakover i tida og knyter det norske saman med det internasjonale. "Kvardagsstrikk" gir ein gløtt inn i kvardagshistoria og skapargleda til alminnelege strikkande menneske. Her vil alle strikke-entusiastar finne inspirasjon og idear.
Mønsterbank og oppskrifter gir råd om korleis ein kan lage eigne mønster ut frå tradisjonelle motiv.
Ei annleis strikkebok for dei kreative og kulturinteresserte.
Annemor Sundbø (fødd 1949) er tekstildesignar og faglærar i vev og teikning, utdanna ved kunsthandverkskolen i Bergen og Statens Lærarskole i forming i Oslo. Ho driv strikkeverkstad i Setesdalen og landets einaste sjoddifabrikk - ein ullvarefabrikk som lagar produkt av resirkulert ull.