Forlaget skriver om denne boka:
Kultur handlar om symbol, verdiar, røyndomsoppfatningar, normer, forteljingar og språk og kan definerast på mange ulike måtar. Willy Martinussen tar i denne boka utgangspunkt i kulturen som ei felles meinings- og symbolverd. Han skil mellom kultur som ein relativt heilskapeleg sosial arv og kultur som eit meir flytande og mangfaldig produkt skapt i samhandling mellom menneske.
Den norske kulturen blir framstilt i eit sosiologisk lys og illustrerer dei ulike tilnæmingane i sosiologien. Boka beskriv dei viktigaste hovudtrekka i befolkningas grunnleggjande verdiar og røyndomsoppfatningar. Kva er tyngdepunkta i kulturen vår? Og kva variasjonar, konfliktar og kulturelle endringar ser vi?
Boka er skriven for sosiologistudentar på bachelornivå, men vil òg vere relevant for studentar på kulturstudier.