Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
1997 . - Bok . - 231 s.
Nynorsk
Hylleplass:
839.82 A
Bestill       Les e-bok Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Salomon lyksalig skatter

Bruden for sin' tvende Patter:

GUds Brud har og tvende Brøst,

Hvor af suis Saft med Løst.

Er denne strofa av Petter Dass lyrikk, "barokke snurrigheter", førmoderne eller postmoderne stilistisk artisteri?

Dei to Camerater og Poeter smucke som denne boka handlar om, skreiv i alle fall tradisjonsbunden og situasjonsbunden brukspoesi, etter ideala for retorisk dikting og kristeleg preike- og oppbyggingskunst. Denne boka presenterer difor den rike europeiske kristeleg-retoriske tradisjonen dei levde i og dikta i, og viser korleis tekstar frå høvesdiktinga og songdiktinga deira kan lesast i lys av denne tradisjonen. Lesaren vil oppdage at både Bergens Debora og diktaren under Norder-Poel står fast planta i denne tradisjonen, og at dei også brukar han på ulike måtar.

Med denne boka vil forfattaren prøve å korne bakom den vanlege forakta for barokkdiktinga. Lesaren vil då kanskje også oppdage at denne førromantiske og førmoderne perioden i litteraturen kan ha mønster og tenkjemåtar vi kan finne att i vår eiga postmoderne tid.

Boka er skriven for alle som vil vite meir om og få ny innsikt i førromantisk dikting, og særleg då i diktinga til Dorothe Engelbretsdatter og Petter Dass. Ho er lett å forstå for alle lesargrupper, men som ei bok i LNUs skriftserie vender ho seg spesielt til lærarar og andre som skal undervise i diktinga på 1600-talet.

Laila Akslen arbeider som lektor i den vidaregående skulen, og har tidlegare skrive boka Feminin Barokk.

Dette er bok nr. 109 i LNUs skriftserie.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Norsk barokk : Dorothe Engelbre
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning
Generell URL til dette søket: