Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Økland : Einar Øklands livsverk i samling


Hylleplass
839.82874 Økland, Einar
Forfatter
Tittel
Utgitt
Omfang
333 sider
Opplysninger2
Einar Økland har i løpet av 60 år gitt ut meir enn hundre bøker med dikt, prosa, skodespel og sakprosa. Studiesamlingane hans av trykksaker og bruksgrafikk fyller over 450 hyllemeter. Forfattar og kulturhistorikar Ottar Grepstad, forfattar og nabo Agnes Ravatn, kunsthistorikar Jorunn Veiteberg og tidlegare sjefredaktør Sverre Tusvik har fått Økland til å fortelje mangt han før har sagt og skrive lite om. Han utdjupar fenomen og objekt frå kvardag og fest, hentar frå eit mylder av kunnskap om masseprodusert kultur og deler røynsler frå tiår som aktør, skrivar og lesar. Det finaste og beste frå desse Valevågsamtalane har Grepstad og Tusvik redigert til 200 store boksider. Lesarane blir også med hyllelangs gjennom samlingane og får både ein komplett bibliografi med mange avsløringar og ein emneindeks for all sakprosaen hans. Over 50 fargebilete av trykksaker og gjenstandar viser mykje som få andre har sett etter at det gjekk ut av bruk.
Emner
Sjanger
Dewey
Nettressurser
ISBN
Tittelnr
Bok