Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Setesdal : kulinariske skattar og levande tradisjonar


Hylleplass
q 641.594831 DAL
Forfatter
Tittel
Utgitt
Omfang
294 sider
Opplysninger2
Mattradisjonane i Setesdal har røter tilbake til eldgamle tider og er nærast for ein nasjonalskatt å rekne. Rettene og smakane er styrt av det ein sjølv kan hauste frå naturen, og med sin geniale enkelheit, gode råvarer og reine smakar appellerer dei til moderne smakspreferansar og mattrendar. Folkemusikk, song og dans frå Setesdal var dei første norske elementa som kom på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. I denne boka ser me på korleis desse og dei andre kulturuttrykka og skikkane i det løyndomsfulle dalføret er vove tett saman med mattradisjonane. Setesdal . Kulinariske skattar og levande tradisjonar inneheld nærare 90 oppskrifter og er fylt til randen med kunnskap og historie. Boka er skrive på eit lettfatteleg vis og er moderne og spenstig i forma. Ho er krydra med intervjuar av lokale tradisjonsberarar og er rikt illustrert med vakre bilete. Resultatet er ei kokebok utanom det vanlege. Om du har eit hjarta for Setesdal eller ganske enkelt liker norsk, kortreist og ujålete mat, vil du elske denne boka. Boka er skrive av Margit Dale og Frode Verpe, og har tekstbidrag frå historikar Leonhard Jansen og folkemusikkvitar og felespelar Annbjørg Lien.
OrgTittel
Emner
Sjanger
Dewey
Nettressurser
ISBN
Tittelnr
Bok