Opplysninger2
| Fra omslaget: "Pauline Hall (1890-1969) var ein kulturperson av dei sjeldne. Som komponist markerte ho seg, mellom nesten berre menn, med musikk for symfoniorkester, teater og film. Gjennom over tretti år var ho ein frykta og respektert kritikar i Dagbladet, og ho stifta foreininga Ny Musikk. Heile livet kjempa ho for å opne norsk musikkliv for moderne impulsar frå ute i verda, ofte i strid med tidas nasjonalistiske tankegods. Engasjementet delte ho med sambuaren gjennom mange år, journalisten Caro Olden. Denne boka er den første om Hall og eit rikhaldig portrett av henne og tida ho levde i."
|