Opplysninger2
| Karin og Kai takkar motvillig ja til å låne ei luksuriøs hytte ved Oslofjorden. Men Karin er ikkje noko skjergardsmenneske, og det som kunne ha blitt eit fint avbrekk frå kvardagen, blir i staden ei påminning om alt det ho ikkje har. I møte med hyttenaboane, eit kjent forfattarpar, kjem Karin i skade for å servere ei kvit løgn, og snart har ho og Kai vikla seg inn i noko dei ikkje så lett kan vikle seg ut av. «Gjestene» er ein roman om å samanlikne seg med andre og komme til kort.
|