Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Dei tilsette


Hylleplass
R
Forfatter
Tittel
Utgitt
Omfang
130 sider
Opplysninger2
Dystopi om arbeidsliv, menneskeverd og framtida på jorda Mannskapet på «Det sekstusande skip» består av menneskelege og menneskeliknande tilsette. Då skipet får ei rekke gjenstandar om bord frå planeten Nyoppdaginga, byrjar dei tilsette å utvikle djupe tilknytingar til desse, utan at dei heilt skjønar kvifor. For somme vekker dei minne frå livet på jorda. For andre er det vanskeleg å sjå kor skiljet går mellom seg sjølv og omgivnadene, mellom menneske og ting. Dei tilsette er ein science fiction-idéroman om bioteknologi, kunstig intelligens, klimautfordringar og arbeidsvilkår, og om kva det vil seie å vere menneskeleg. Boka er kompromisslaus i møte med eit av vår tids mest presserande spørsmål: Kva vil skje med menneskeverdet i eit samfunn basert på effektivisering og stadig aukande vekst? Til norsk ved Inger Bråtveit. Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv om lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing. I 2020 kom også romanen Mit arbejde, som er planlagt utgitt på norsk i 2022.
Emner
Sjanger
Dewey
Nettressurser
ISBN
Tittelnr
Bok
AvdelingBindPlasseringHylleNoteStatus
Revetal Voksen skjønnPå hylla
Tjøme sci-fiPå hylla