Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Der livet brenn : ein biografi om Magnhild Haalke


Hylleplass
839.82374 Haalke,M.
Forfatter
Tittel
Omfang
272 s.
Opplysninger2
Kulturfond . - Om ein gløymd og glitrande forfattar. Magnhild Haalke (1885-1984) debuterte som forfattar med «Allis sønn» då ho var 50 år gammal. Ho hausta raskt stor anerkjenning - også utanlands - for den eineståande skildringa av den vesle guten som stilte underlege spørsmål og laga «rare» teikningar. 93 år gammal blei Haalke omtalt som «en av de ytterst få forfattere som opplever å bli klassiker i levende live», likevel har Magnhild Haalke forsvunne ut av det kollektivet minnet. Kva i alle dagar skjedde? Vi følgjer Haalke frå oppveksten på Vikna i Nord-Trøndelag, som «småskolelærarinne» på den fattige landsbygda, som forfattar og på reiser i Sør-Europa i lag med ektemannen, kunstmålaren Hjalmar Haalke. I tillegg til «Allis sønn» utgjer tre trilogiar høgdepunkta i forfattarskapet. Grys saga handlar om dottera som blei så uunnverleg på foreldregarden at ho ikkje fekk tid og rom til sitt eige liv. Trilogien med formødrene som hovudpersonar kan i dag kallast «verkelegheitslitteratur». Serina-trilogien om kunstnaren som tek sin eigne grep i valet mellom kunsten og kjærleiken, overraska både kritikarar og lesarar. Dei fleste bøkene har sterke kvinner som hovudpersonar. Magnhild Haalke ville ikkje kalle seg «kvinnesakskvinne», men sa at ho skreiv om kvinner som «hadde blitt lurt for sitt eget liv».
Emner
Sjanger
Dewey
Nettressurser
ISBN
Tittelnr
Bok