Opplysninger2
| Til saman har dei 121 OL og VM-gull, men ein gong hadde dei ski på beina for fyrste gong. I denne boka får du høyre dei unike historiene til Marit Bjørgen, Martin Johnsrud Sundby, Tiril Eckhoff, Therese Johaug, Vegard Ulvang, Bjørn Dæhlie og fleire andre skistjerner. Forfattaren har intervjua alle utøvarane i søken etter kva det var som vekte skigleda hos våre fremste skistjerner. Boka er meint å gi inspirasjon for vaksne og barn, til å kome seg ut på ski. Boka inneheld også private fotografiar av skistjernene.
|