Kjenner du på følelsen av å ikkje eige livet ditt? Tenker du at du må prestere for å ha verdi? Er du sliten, stressa eller nedfor? Føler du deg innestengd og lurer på kven du eigentleg er? Mest sannsynleg drøymer du om å leve litt meir. Då Malene forstod at ho sjølv var den ho sakna mest i livet, laga ho ei liste med 24 livsforsett og begynte å skrive ærleg og ufiltrert om kva som skjedde då ho begynte å leve etter dei. Ved å kaste seg ut i eit prosjekt med mål om å bli glad i seg sjølv og livet igjen tar ho deg med på ei reise som garantert vil riste liv i deg. Dette er ikkje endå ei sjølvhjelpsbok som fortel deg at du må ta deg sjølv i nakken eller prestere på eit høgare nivå i kvardagen. Denne boka handlar om å ta kontroll over eige liv, bryte ut av skalet og leve som den du er skapt for å vere.
Då 2020 gjekk mot slutten, vakna Malene Vilnes-Bakke til stadigheit med ei kvelande kjensle. Ho fekk ikkje puste. Ho fann ikkje nok plass i sitt eige liv. Årsaka var det kritiske blikket og den indre stemma som fortalde kor liten ho var. Då 2021 kom tok ho eit val. Inspirert av si eiga bestemor skreiv ho ned 24 livsforsett. Målet var å bli glad i seg sjølv. I denne boka viser Vilnes-Bakke korleis livet vart forandra då ho tok i bruk forsetta. Omtalen er utarbeidd av BS.