Kjell Opseth, kraftsosialist og næringspolitikar, var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jaglands regjeringar i til saman sju år, og stortingsrepresentant i fem periodar frå 1981 til 2001. Han var mannen som etter årevis med prat fekk Stortinget til å vedta ny hovudflyplass på Gardermoen. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd den lengsSamferdselsminister Kjell Opseth (f.1936) var mannen som etter fleire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein flyplass på Gardermoen med eit toppmoderne flytog. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd den lengste vegtunnelen i verda. Hestehandlaren er historia om ein effektiv og viljesterk pragmatikar med svak ideologisk kjerne. Kraftsosialisten og næringspolitikaren var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jaglands regjeringar i til saman sju år, og var stortingsrepresentant i fem periodar frå 1981 til 2001. Boka er illustrert med foto og ei rad karikaturar. Omtalen er ut arbeida av BS.
SAMFERDSELSMINISTER KJELL OPSETH (f. 1936) var mannen som etter fleire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein flyplass på Gardermoen med eit toppmoderne flytog på landets første høgfartsbane. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd verdas lengste vegtunnel på 24 kilometer gjennom Sogn.
Hestehandlaren Kjell Opseth er historia om ein effektiv og viljesterk pragmatikar - med svak ideologisk kjerne. Den markante og handlekraftige statsråden stod for oppmjuking av luftfartsmonopolet og gav Norwegian luft under vengene. Det var også denne slue strategen og sunnfjordingen frå Førde som la grunnlaget for Telenors eventyrlege vekst. Kraftsosialisten og næringspolitikaren var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jaglands regjeringar i tilsaman sju år, og var stortingsrepresentant i fem periodar frå 1981 til 2001.
Dag Nestegard har som journalist arbeidd mykje med samferdselspolitikk. No arbeider han sentralt i Jernbaneverket med den nye jernbanereforma regjeringa gjennomfører.