Forlaget skriver om denne boka: Guiden til det du ikkie finn i guideboka. DU FINN IKKJE Geirangerforden i denne boka. Ikkje Vigelandsparken heller. For
dette er boka som tek deg med til dei ukjende attraksjonane i landet vårt. Her er den svinbratte tunellen som var på ville vegar. Her er telefonkiosken som
vart oppringt av BBC ein heil sommar, og her er Sjit helvedes kåken, Nord-Europas
mest verneverdige bygning! Dette er forteljingar om sære attraksjonar og varme
menneske. Enten dei snakkar uforståeleg valledialekt, badar i De dødes tjern eller
har den fyrste olje i barskapet,
Med sans for detaljar og gode historier utvidar Linda Eide og Kristin H. Hauge
det særeigne landskapet frå den populære fjernsynsserien Norsk attraksjon, og
inviterer oss med på ei reise i hyggeleg norsk galskap.
Oppslagsdelen bak i boka har presise reiseruter som gjer det mogeleg å finna
fram til attraksjonane. Reis som du vil, fysisk eller mentalt. Begge deler gir ei kjensle
av å vera på oppdagingstur i det landet du trudde du kjende, men som synte seg
å vera meir enn turistreklamen lova. Mykje meir.