Forlaget skriver om denne boka:
Eg filmar meg sjølv, kanskje blir det siste gongen. Eg legg meg under dyna, passar på å legge håret fint utover puta, armane oppå blomstrete dynetrekk. Så lukkar eg auga og læst som eg er død.
13 år gamle Ingvild trur ho kjem til å døy av hjartestans, som søstera hennar gjorde for lenge sidan. Ho kjem i alle fall til å døy om ho ikkje blir kjærast med Aksel... I mellomtida filmar ho seg sjølv, så det skal finnast eit minne etter henne. Hilde K. Kvalvaag (fødd 1968) er sosialantropolog og debuterer med denne ungdomsromanen.