Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgjeve:
Bok . - 94 sider
Nynorsk
Sjanger:
Opplysningar:
Dei fer bort frå sivilisasjonen dei kjenner for å danne ei ny samfunnsordning. Dei ror over fjorden, går i land på ei folketom øy og brenner båtane etter seg. Her skal det ikkje vere herskarar og undersåttar, her skal dei slette kvart einaste spor av det livet dei har levd. Barna skal gløyme kvar dei kjem frå, familiestrukturar skal løysast opp: alle vaksne skal vere tanter og onklar, alle barn systrer og brør. Dei skal leve av det naturen gjev dei, om nødvendig jage ein hjort i døden for å få mat. Men så vert ein av brørne sjuk, alvorleg sjuk. Og ei av systrene, ei tretten år gamal jente, oppdagar at hendene hennar har lækjande krefter. Evna hennar er ei gåve, men òg ein trugsel - mot ho, og mot det isolerte samfunnet ho lever i. Med stor skaparkraft og poetisk stødig hand teiknar Svanhild Amdal Telnes eit portrett av ei ung jente i uvanlege omgjevnadar. Å jage ein hjort i døden er ei samling dikt om slit og svolt, men òg om samhald og kjærleik, om å ville overskride for å overleve, og om kor skjørt og utsett livet er for dei som vel å leve isolert.
Bestill       Hugs denne

(beta)Bli den første til å skrive ei melding
Denne diktsamlinga fortel historia om eit isolert og uvanleg samfunn. Dei har fjerna seg frå sivilisasjonen og bur på ein tom øy. Dei brann båtane etter seg då dei kom dit. Der skal dei leve av naturen, og alle skal vere som éin stor familie: systrer og brør, tanter og onklar. Men så vert ein av gutane sjuk. Ei tretten år gamal jente oppdagar at henda hennar har lækjande krefter. Dette blir både ein forbanning og ein velsigning. Dikta fortel om slit og svolt, men òg om samhald, kjærleik og å overleve. Omtalen er utarbeidd av BS.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips ein ven om Å jage ein hjort i døden : : di
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Anna vising

Hugseliste

Lista er tom
https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=615726