Norsk ølhistorie - frå Odins skål til i dag samlar norsk øltradisjon mellom to permar. Øl vert sett inn i historisk og kulturell samanheng, frå dei første såkorna vart lagde i jorda her nord, til dagens tradisjonsbryggjarar, som gladeleg deler løyndommane bak bryggjekunsten med deg.
Øl har spelt ei avgjerande rolle i folks liv, frå fødsel til grav, og har sett spor i folkekunst, dikting og handverk. Ein gong var den gylne drikken så viktig at om du ikkje følgde lova og bryggja tilstrekkelig, kunne du misse både gard og grunn. Øl var omgitt av overtru og var ei heilag gåve både til og frå gudane, eit sosialt lim i samfunnet og ein viktig ingrediens i det politiske maktspelet.
Boka er eit funn for alle entusiastiske hobbybryggjarar, ølelskarar og historieinteresserte.
SISSEL BRUNSTAD (f. 1956) har sjølv vakse opp i eit levande ølbryggjarmiljø i Velledalen på Sunnmøre. Ho minnest framleis mystikken frå naboen sin bryggjekjellar. Der fekk ho som lita jente sin første smak av varm og søt vørter og ein fleire tusen år gamal, men framleis levande, kulturarv. Som mangeårig journalist i NRK Møre og Romsdal er ho ei kjend stemme gjennom både radio og fjernsyn. Brunstad har ei særleg interessere for kulturhistorie og har vore medforfattar til fleire bøker og tidsskrift.