Hopp over navigasjon
         
Mobile site

Cover photo
""
Sign in to give your star rating
Published:
2017 . - Book . - 222 s.
Norwegian, Nynorsk
Information:
Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite. Slik skriv professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønning i Jordboka. Under føtene våre finst det eit univers så enormt, rikt og mangfaldig at det sprenger rammene for det me menneske er i stand til å fatta. I ei skei med matjord kan det finnast ein trillion levande organismar. I Jordboka møter du utrulege vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er del av ekstremt intelligente økologiske samspel som er avgjerande for livet på planeten. Jordboka er historier om menneske og mold. Om vart samspel og om brutal øydelegging. Først og fremst er dette likevel ei bok om håp. For nøkkelen til å løysa alle dei store utfordringar mennesket og planeten no står overfor kan visa seg å finnast i molda. Erosjon og tap av matjord, fallande produktivitet i matproduksjonen, klimaendringar. Ny kunnskap viser korleis menneske og livet i molda kan spela saman. Med både berekraft og veldig grøde som resultat. Visste du at verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar? Dei har i staden rekruttert den mest intelligente hjelp og teknologi som er å få tak i, universet i molda. Denne hjelpa er gratis og fritt tilgjengeleg for alle. I boka møter du desse bøndene og elles ei rekke nye idear og praksisar som kan endra både matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid. Ein verkeleg grøn revolusjon er i emning. Jordboka fortel korleis DU kan ta del. Dei populærvitskaplege essaya i Jordboka er skrivne for eit breitt publikum. Dei inviterer til djup refleksjon over kva vår menneskelege oppgåve kan vera i det store økologiske spelet me kallar natur.
Item location:
577.5 L
Add to selection list

(beta)Be the first to write a review
Visste du at?

  • mold kan vera den billegaste og beste løysinga på klimautfordringane?

    •den aller mest avanserte teknologien for effektiv matproduksjon finst i molda allereie, og er gratis og fritt tilgjengeleg for den som evnar å ta den i bruk?

    •verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar?

    •mold er det einaste guddommelege stoffet på planeten?

    •det er vanleg i store delar av verda å eta mold?

    •det største vesenet som nokon gong har levd på jorda finst nede i molda enno – er tusenvis av år gamal og fleire kvadratkilometer stor?

    •Karl Marx ikkje grov djupt nok?

    •me står framfor ein ny grøn revolusjon, som kan endra matproduksjonen og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid?

  • Always display this tab

    Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

    Always display this tab
    • Suggest this item to somebody: Jordboka : det fantastiske univ
    • Share on Facebook
    • Show Facebook's Like button
    • Tweet
    • Vis QR-kode med lenke for mobil
    • Your suggestions
    • Display alternatives

    Selection list

    Empty
    https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=421842