Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Heime hos Herborg Kråkevik låg hefta alltid framme til jul. Dei var skjøre og vakre og måtte takast varsamt i. Kråkevik er redaktør for det nye juleheftet Juleroser som har bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og biletkunstnarane i vår tid. I dette årets utgåve skriv Anne B. Ragde, Kim Leine, Brit Bildøen, Vetle Lid Larssen, Helge Torvund, Kjersti Rorgemoen, Kolbein Falkeid og mange fleire. Omtalen er utarbeida av BS.
Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Herborg Kråkevik er redaktør for det vakre juleheftet. Fjorårets Juleroser var det første i sitt slag sidan 1944, og det blei ein stor suksess. Også i årets juleroser ønskjer vi å gi lesarane store kunstopplevingar. Juleroser 2016 har bidrag frå H.M. Dronning Sonja, Anne B. Ragde, Kim Leine, Vetle Lid Larssen, Helge Torvund, Kolbein Falkeid, Sverre Malling, Håkon Gullvåg, Marianne Heske, Theodor Kittelsen med fleire.