På kanten av kvardagens stup Eit ungt par er på reise gjennom Europa, med eit ubearbeidd traume i bagasjen. Ei mor tar med ungane sine på fjelltur og finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ei jente gjer alt for å få stupetrenaren til å sjå på henne, men utan at stefaren skal vite om det. Personane i Ingrid Senjes noveller står på kanten av høge stup, midt i den vanlege kvardagen. I situasjonar der avstanden mellom den dei er og den dei vil vere, er på sitt aller største, utfører dei handlingar like irrasjonelle som dei kjennest nødvendige. Ingrid Senje (f. 1987) er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har tidlegare publisert tekstar i Signaler 2018 og i novelleantologien Ingenmannsland.
I novellesamlina Stupeteknikk er alle personane på kanten av høge stup, det vere seg på reise eller midt i kvardagen. Her møter vi personar som gjer tilsynelatande heilt irrasjonelle ting, men for dei er det handlingar som kjennast naudsynte. Når avstanden mellom den dei er og den dei vil vere er for stor, tar dei val som er vanskelege å forstå. I boka blir vi mellom anna kjende med eit par som reiser gjennom Europa. Med seg har dei eit traume dei ikkje har tilarbeidd. Vi møter ei jente som ynskjer å bli sett av stupetrenaren sin, men stefar hennar må ikkje få vite om det. Og vi blir kjende med ei mor som på ein fjelltur saman med barna finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ingrid Senje har tidlegare publisert tekstar i Signaler 2018 og novelleantologien Ingenmannsland. Omtalen er utarbeidd av BS.