Hovedbiblioteket stengt 12. august til 12. oktober. Hovedbiblioteket i Tønsberg skal få nye gulv i 1. og 2. etasje! Frem til vi stenger er samlingen tilgjengelig for publikum, men den vil gradvis bli flyttet ned i underetasjen.
Kaffikoppens kulturelle kraft gir den komplette presentasjonen av alle dei kjente og populære kaffistovene og bondeheimane landet rundt. Det har vore skrive mykje om alt det store som er utført i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, men lite om kor dei fekk pengane frå. Nils Seland presenterer dei frilynde pengemaskinene: Kaffistovene, bondeheimane og andre forretningar landet rundt. Desse «ungdoms-husa i byane» var eigd av ungdomslag og mållag, og var svært viktige møtestader og penge-kjelder for norskdomsrørsla lokalt, på fylkesplan og landsplan. Det var også kaffikoppens kulturelle kraft frå desse idealistiske forretningstiltaka som blei den økonomiske grunnmuren i Det Norske Teater. Nils Seland (født 1946) frå Seland i Flekkefjord er gartnar og organisasjonsmenneske. Han har vore aktiv i Flekkefjord Ungdomslag og Mållag, styremedlem og leiar 1977-1981 i Noregs Ungdomslag. Han har hatt styre- og leiarverv i Lagsbrukssamskipnaden, lokale lagsbruk og andre forretnings- og samvirketiltak. Frå 1990 til 2007 var han dagleg leiar i Norske lagsbruk.