Hovedbiblioteket stengt 12. august til 12. oktober. Hovedbiblioteket i Tønsberg skal få nye gulv i 1. og 2. etasje! Frem til vi stenger er samlingen tilgjengelig for publikum, men den vil gradvis bli flyttet ned i underetasjen.
Alfred Bamse et opp ei stor skål med jordbær og får kraftig magesjau. Under eit langvarig dobesøk grublar han på kva som skjer frå maten kjem inn i munnen til bæsjen kjem ut av rumpa. Og kor blir det eigentleg av det som forsvinn ned i do? Alfred bestemmer seg for å forske på dette, og tek som vanleg med seg manageren sin når han prøver å finne ut korleis bæsj kan brukast til noko nyttig. Han følgjer stega bæsjen må gjennom for å bli til fin plantejord eller biogass. Og forskar på korleis vatn blir reinsa før det kjem ut som reint drikkevatn i springen. Alfred lærer òg om kva som er lurt å ete for at magen skal fungere fint, litt om gjenbruk av matavfall - og sikkert litt til. Bli med Alfred Bamse når han møter folk og maskiner som er ekspertar på å bruke bæsj til nyttige ting.
. - Passer for 6-9 og 9-12 år