Hopp over navigasjon

Hovedbiblioteket stengt 12. august til 12. oktober.
Hovedbiblioteket i Tønsberg skal få nye gulv i 1. og 2. etasje! Frem til vi stenger er samlingen tilgjengelig for publikum, men den vil gradvis bli flyttet ned i underetasjen.


         
Søk med mobilen

Omslagsbilde
"5.0
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
Bok . - 312 sider
Nynorsk
Sjanger:
Opplysninger:
Ei forteljing om autisme «Ein del av meg døydde. Ein annan del byrja endeleg, endeleg å leve.» I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går. Då journalisten og forfattaren Lina Liman fekk diagnosen som vaksen, hadde ho vore pasient i psykiatrien i sju år. Ho hadde møtt nesten hundre legar, vore tvangsinnlagd og gått på sterke medisinar. At det tar svært lang tid før ei kvinne med autisme blir greidd ut, er ikkje uvanleg. Ofte blir autisme hos kvinner ikkje oppdaga i det heile tatt. Kunsten å feike arabisk er ei gripande og engasjerande forteljing om korleis det er å leve med autisme, og korleis ein diagnose kan forandre livet. Boka er omsett til norsk av Olaug Nilssen. Lina Liman (f. 1980) er journalist med bakgrunn frå Dagens Nyheter og Östgöta Correspondenten. Ho har også skrive den sjølvbiografiske När mörkret kom - en bok om anorexia (2000). Sjølvbiografien Konsten att fejka arabiska kom i 2017. Sagt om Kunsten å feike arabisk: «I Kunsten å feike arabisk skisserer Liman ei kronologisk forteljing om livet sitt med personlege skildringar av korleis autismen hennar kjem til uttrykk. [...] [Ho gjer] ein viktig folkeopplysingsinnsats. Utan å forenkle avdramatiserer ho autisme.» Anna Andersson, Aftonbladet «Autismens paradoks, fabelaktig fortalt.» Anders Kapp, Kapprakt «Liman skriv seg, både pedagogisk og poetisk, gjennom barndommen, tenåra, anoreksien og alle forsøka sine på å prestere og vere «normal» [...] Kunsten å feika arabisk skriv seg inn i ein tradisjon av tekstar om kvinneleg psykisk, ofte misforstått, liding.» Maria Edström, Expressen
Hylleplass:
biografi Liman, Lina
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse

AvdelingBindPlasseringHylleNoteStatus
Tønsberg Voksen biografierPå hylla
Tønsberg Voksen biografierUtlånt til 20/7/2024
Tjøme biografierPå hylla
Revetal Voksen biografierPå hylla
Journalisten og forfattaren Lina Liman var 32 år da ho fann ut at ho har autisme. I alle år skjøna ho at ho ikkje var heilt som alle andre, men ho forsøkte å late som om i mange år. Heilt til det ein dag sa stopp. Ho vart pasient i psykiatrien og fekk sterke medisinar, og ho har vore tvangsinnlagt fleire gonger. I mange år hadde ho gått til tallause legar utan å få riktig hjelp. Historia hennar er ikkje eit unntak. Hos mange kvinner vert ikkje autisme oppdaga i det heile tatt. I boka formidlar Liman korleis det er å leve med autisme, og kva diagnosen har tydd for henne. Boka har blitt omtala som eit viktig bidrag til folkeopplysinga. Liman skriv poetisk og pedagogisk på same tid. Omtalen er utarbeidd av BS.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Kunsten å feike arabisk : : ei
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom
https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=612843