Forlaget skriver om denne boka:
Denne boka er eit personleg møte med forfattaren og lokalhistorikaren Hans Hyldbakk (f. 1898). Han som er både heimføding og verdsborgar, einstøing og vennesæl, gudsfornektar og religiøs. Husmannssonen som vart Kleivakongen debuterte i 1918, slo gjennom på landsplan som 75-åring og fekk Kongens fortenestemedalje i gull da han var 96.
Utanfor heimfylket er Hyldbakk mest kjend for Vårsøg og andre dikt, tonsett av sambygdingen Henning Sommerro, men det er som småkårsfolkets historikar han har vore banebrytande.
Boka er bygd opp kring ei samtale med den vitale 100-åringen på Kleiva. Her er også bidrag frå Henning Sommerro og Ottar Roaldset.