Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo. Og ho er det i ei underleg tid. For no herjar koronaen, naturen kollapsar, klimaet blir endra, fundamentalistar krigar, det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir stadig fleire flyktningar. Noreg er eit av dei mest sekulariserte samfunna i verda, men har trua noko å gje oss i krise og kvardag som vi ikkje finn andre stader? I så fall kva? Kva trur biskopen i Oslo sjølv? Og kven er ho? I denne boka snakkar Veiteberg om alt dette. Om eigen oppvekst, om å vere kvinne og prest, om ei kyrkje og ei verd i endring, om himmel og håp og det heilage. Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement, ho har jobba blant uteliggjarar og rusavhengige, og som biskop opna ho ei kyrkje nattetid for heimlause. Biskopen i Oslo fyller 60 år i 2021. Då er det også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Noreg. Kari Veiteberg (f. 1961) er biskop i Oslo. Ho er frå Stord, har doktorgrad i teologi og mellomfag i teatervitskap. Ho har skrive fleire artiklar og bøker, mellom anna Bibelens kvinner og Evas døtrer. Ho har vore synleg som prest og biskop i både radio og TV, ho har jobba både som prest i Kirkens Bymisjon og undervist i ulike teologiske emne. Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist, prestedotter og agnostikar. Ho har jobba for norsk presse i over 20 år og gjeve ut 15 bøker, flest om natur, klima og menneske.
EIN GONG I VEKA hoppar biskop Kari Veiteberg rett i fjorden. Sjølv om det er tidleg morgon, sjølv om det er midtvinters. Ho er den første kvinnelege biskopen i Oslo, men kvifor hoppar ho i fjorden - og kven er hennar gud? Kva rolle bør religion og kyrkje ha i den hanglande kvardagen og verda vileverino? Kvaskal vi tru,og kven skal vi tru på? Alt dette og meir til må biskopen svare på i denne samtaleboka.
Vestlendingen Veiteberg forte! også om jobben som gateprest, om doktorgraden sin, kjærleiken til teater, kampen for skeive sin plass i kyrkja - og om motstanden ho har møtt. Ho vart fødd same året som Noreg fekk sin første kvinnelege prest - i 2021 er det 60 år sidan.
Prestedotter, agnostikar og journalist Sigri Sandberg prata jamleg med biskopen gjennom eit halvt år då landet var delvis stengt. Dei snakka om livet og trua hennar, om rus og klovnar, om himmel og helvete - og havet.
SIGRI SANDBERG (f. 1975) er forfatta, og journalist. Ho har skrive ei rekke bøker. 12019 gav ho ut boka Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse. Besøk Sandberg på www.sigri.no
-Denne boka er for deg som har en tro, tvil eller nysgjerrighet på livet og dets mysterier. Du blir antagelig overrasket og forhåpentlig også inspirert. Unn deg denne!