Serien Dunce vekslar mellom triviell kvardag og eksistensielle kriser. Alt teikna morosamt og sårt, slik at ein berre må lesa meir. I denne boka blir hunden Brego forelska, JensK mister ein viktig kunde og bestemmer seg for å emigrere ut i villmarka. Heldigvis kjem han tilbake akkurat tidsnok til å sjå heile verda lukke ned på grunn av ein global pandemi. Jens K. Styve som opphavleg er frå Hjelmås i Nordhordland, men no bur i Tromsø, har gjort stor suksess med stripeserien Dunce. Serien går kvar dag i Klassekampen, pluss mange andre aviser, og rettighetene er solgt til teikneserienasjonen Frankrike! Den har vunne, Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016 og Pondus-prisen i 2018.
Dunce er ein teikneserie om Jens K, ein småbarnsfar på bygda langt nord i Noreg som klamrar seg fast i tilvera og forsøkjer å handtere alle pliktene som følgjer med vaksenlivet. Barnepass og gründerdrømmar må kombinerast med alt anna trivielt som skjer i kvardagen. No har covid-19 òg satt sitt preg på livet til Jens, noko som kjem fram i stripene i denne samlinga. Serien vann Dagbladets teikneseriepris i 2016 og Pondusprisen i 2017. Omtalen er utarbeidd av BS.