Kvelden er svart kulde. Súni begynner å gå, han ser ut på havet, tenker på stranda, at han burde gå ned der, burde skrive dei orda som skal til, skrive dei i sanden og la havet suge dei i seg og skylje dei inn på kvar einaste strand i heile verda.
Skriv i sanden handlar om ei helg, 10 ungdommar og korleis 10 par auge opplever den same helga, men på ti ulike vis.
Denne kollektivromanen skildrar på ein ærleg og truverdig måte ungdomslivet som kan svinge frå bibelgruppe til himmelropande festing, frå glede til djup fortviling. Vi møter mellom anna guten Súni som er forelska i jentefuten Tróndur, gudfryktige Ingunn som brått oppdagar at det kan vere vanskeleg å tilgi, og Rebekka som langsomt sklir vekk frå venner og sjølve livet, fordi ho sluttar å ete. Kjelnæs skriv fram ein lågmælt desperasjon, noko som gjer dette til ei verkeleg god ungdomsbok for alle nordiske ungdommar.