Forlaget skriver om denne boka:
Odar av Horats
TREDJE SAMLING
I over 2000 år har romaren Quintus Horatius Flaccus - Horats - (61-8 f.Kr) vore ein populær og mønsterdannande diktar.
Både i versemål og tema tok Horats imot impulsar frå greske skaldar frå 600-talet f.Kr, og mest kjend er han for sine odar og brevet om diktekunsten.
Johannes Gjerdåker har no valt ut og gjendikta eit utval på 33 av odane. Mange av odane handlar om vennskap, og Horats deler gjerne sine tankar om liv og daude med venner og venninner.
Med denne samlinga kompletterer Gjerdåker Horat's odar på norsk. I 2001 kom den kritikarroste Odar i utval, og i 2005 kom Odar. Andre samling, som Gjerdåker vart tildelt Kritikarprisen for.
Gjerdåker vann Bastianprisen for sine Robert Burns-utval og har også hausta lovord for sine gjendiktingar frå persisk. Frå eksperthald får han skamros for kor klangfullt og rytmisk vellukka han har gjendikta Horats frå latin.