Hovedbiblioteket stengt 12. august til 12. oktober. Hovedbiblioteket i Tønsberg skal få nye gulv i 1. og 2. etasje! Frem til vi stenger er samlingen tilgjengelig for publikum, men den vil gradvis bli flyttet ned i underetasjen.
Litterær sensasjon med familietraume frå Vietnamkrigen Denne boka har blitt ein litterær sensasjon i USA. Vuong blir samanlikna med dei verkeleg store i den engelskspråklege litteraturen, som Emily Dickinson og William Shakespeare. I dikta til Ocean Vuong blir det svært intime stadig sett opp imot historiske hendingar. I etterdønningane frå Vietnamkrigen skildrar Vuong sorg, vald, krig og overgrep med eit mjukt landskap av poetiske bilete. Det er dikt som gjennom rytme og driv demonstrerer korleis ei varleg hand på eit bryst kan stille sjølv den sterkaste lysta.
Dikta i denne boka er prega av traume og vald i kjølvatnet av Vietnamkrigen. Far til forfattaren går igjen i diktinga, og myte og ei traumatisk fortid blir fletta saman. Mellom anna blir scener frå Saigons fall i 1975 samanstilt med linjer frå Irving Berlins «White Christmas», songen som blei spilt på radioen for å signalisere evakueringa til dei amerikanske soldatane. Ocean Vuong er poet og essayist, fødd i Vietnam og oppvaksen i USA. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Whiting Award 2016 og T. S. Eliot Prize i 2017. Omtalen er utarbeidd av BS.