Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
839.82874 Johannesen, G.
591, XVI
Ein mann på tvers av si samtid. Lyrikar Georg Johannesen kunne vere ein nådelaus polemikar som gjekk til åtak på kven det skulle vere. Samstundes skreiv han nokre av dei vakraste dikta som er skrivne på norsk. I 1990 blei Ars moriendi kåra til 1900-talets beste norske diktsamling. Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar denne biografien eit uvanleg og fascinerande livsløp. Som liten opplevde Georg Johannesen krigen på nært hald og blei merkt for livet av det. Han blei seinare fengsla for militærnekting, ekskludert frå Arbeidarpartiet og var sentral ved etableringa av Sosialistisk Folkeparti. Trass eit uvanleg lyrisk talent ville han ikkje vere lyrikar. I staden var han universitetsprofessor i retorikk, men også her i konstant opposisjon til det norske fagmiljøet. Georg Johannesen var heile livet ein mann på tvers av si samtid. Han var kompleks og paradoksal, ikkje alltid like lett å forstå, men alltid tru og konsekvent mot sin eigen rasjonalitet, i tråd med det han sjølv hadde fastslått: «Skjelettet er innerst / i hver eneste mann / Og hva har jeg innerst i hjertet? / Innerst i hjertet har jeg min forstand.»
9788252187694 : Nkr 449.00
629970
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse

AvdelingBindPlasseringHylleNoteStatus
Revetal Voksen biografierPå hylla
Tønsberg Voksen fagPå hylla
Tønsberg Voksen fagPå hylla
Tjøme fagPå hylla
"JEG ER EN MANN DE LUMSKE KAN REGNE MED"

GEORG JOHANNESEN (1931-2005) var ein nådelaus polemikar som gjekk til åtak på kven som helst, frå Albert Schweitzer til Åge Aleksandersen. Han var respektløs og infam, spissformulert og sårande. Samstundes skreiv han nokre v dei vakraste dikta som er skrivne på norsk. I 1990 blei Georg Johannesens Ars moriendi kåra til hundreårets beste norske diktsamling.

Ved hjelp av ei rekke nye kjelder skildrar denne biografien eit uvanleg og fascinerande livsløp, frå Georg Johannesen blei fødd i Bergen i 1931, til han drukna i Egypt på julaftan 2005. Som liten opplevde han krigen på nært hald og blei merkt for livet av det. Han blei seinare fengsla for militærnekting, ekskludert frå Arbeiderpartiet og var sentral ved etableringa av Sosialistisk Folkeparti. På 30 år gav han ikkje ut ei einaste diktsamling. I staden var han akademikar og universitetsprofessor i retorikk, men også der i konstant opposisjon til det norske fagmiljøet.

Georg Johannesen var kompleks og paradoksal, ikkje like lett å forstå, men alltid tru og konsekvent mot sin eigen rasjonalitet, i tråd med det han sjølv hadde fastslått:

Skjelettet er innerst

i hver eneste mann

Og hva har jeg innerst i hjertet?

Innerst i hjertet har jeg min forstand

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Innerst i hjertet har jeg min f
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom
https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=629970