Nørske skrivarar i millomalderen er Eivind Vågslids siste store granskingsarbeid om norske brevskrivarar, norsk skrift- og målsoge. Han har her freista så langt som råd er, å syna kven som har skrivi alle kjende opphavsbrev på norsk og latin frå kring 1175 og til og med 1400 og nokre brev etter 1401. Han har grunnlagt ein ny granskingsmåte, der breva er samla i flokkar etter handskrift og skrivarhender. Skrift og mål i einskildbrev og brevflokkar er jamførde med skrift og mål i alle kjende opphavsbrev som det er grunn til å tru at nordmenn har skrivi og som ikkje er meir enn 50 år yngre enn jamføringsbrevet. Samstundes har han då i mange høve og kunna namngjeva skrivaren. Dette gjev større og betre tilfang for skriftgransking og gransking av mål og målføre.
Skrift og tekst på seglreimar til breva er her registrert og trykt for fyrste gong.
Det er ei mengd stadnamn i dei omtala breva og Vågslid har mange nye stadnamntydingar i denne boka og, i tillegg til tilvisingar til tidlegare stadnamntydingar.
Eivind Vågslid har før skrivi om norske brevskrivarar og skrift og mål i norske opphavsbrev i:
Norske lagmannsbrev frå mi/lomalderen, 1930.
Pål St yrk årsson og Varnaåarreåa, 1937
Gamalnorsk riksmål i Norsk måltidende, 1938
Vestfoldmål 1366-99 i 30 brev av bisp Øystein Aslakson i Oslo, 1969
EIVIND VÅGSLID (1897-1986) var lektor i den høgre skulen og kjend som forfattar av ei mengd verk om stadnamn, personnamn og norsk mål og målsoge.