Juleroser er eit vakkert illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne. Redaktør Herborg Kråkevik fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. Ho vil gi folk store kunstopplevingar til jul. Juleroser 2021 har bidrag frå mellom andre Agnes Ravatn, Edvard Hoem, Ingrid Bjørnov, Maria Navarro Skaranger, Tone Selboe, Knut Hoem, Mona Høvring, Karin Boye, Tor Jonsson, Marthe Minde, Håkon Gullvåg og Erle Kyllingmark. Demian Vitanza og Christer Karlstad har laga ein ekfrase, Alfred Fidjestøl har intervjua Åge Aleksandersen, Karoline Krüger har skrive den nye julesongen «Syng sang» og framsida er illustrert av Christopher Rådlund. I tillegg får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn.
Dette er eit litterært julehefte med bidrag frå ulike forfattarar og kunstnarar, mellom anna Agnes Ravatn, Edvard Hoem, Ingrid Bjørnov, Maria Navarro Skaranger, Tone Selboe, Knut Hoem, Mona Høvring, Karin Boye, Tor Jonsson, Marthe Minde, Håkon Gullvåg og Erle Kyllingmark. Tekstane er sett saman med både nye og gamle kunstverk og illustrasjonar. «Juleroser» var det fyrste juleheftet som kom ut regelmessig i Norden, og det vert opprinneleg gjeve ut i perioden 1844 til 1944. I 2015 kom juleheftet attende med Herborg Kråkevik som redaktør. Omtalen er utarbeidd av BS.