Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
u V
96 s.
Bakom kvite skyer er ein frittståande roman, men lesarane vil kjenna igjen persongalleriet frå dei tidlegare bøkene hennar med handling frå vikingtida. Dette er ei allalderbok som vil passa for lesarar frå 12 år, men vaksne vil ha like stor glede av boka. På Hjaltland (Shetland) går Hallgjerd og ventar på kjærasten Torarin, som held til bakom dei kvite skyene i aust. Ho har orda til bestemora i øyra: Bakom dei kvite skyene, der ligg heidningelandet Noreg. Hallgjerd lengtar etter den store kjærleiken. Torarin har lova at han ein gong skal koma attende til henne, men kor lenge kan Hallgjerd venta? Ho bur åleine på garden med bestemora, og ho pressar på for at den noko eldre naboen Unas skal få innpass. Berit Vatne Vik held seg i skjeringspunktet mellom sanning og løgn. Historiske personar og hendingar er fletta inn i forteljingane hennar. Ho brukar eit fortetta, innhaldsrikt og vakkert språk, og skriv eit nynorsk det er ei glede å lesa. Forfattaren har lagt seg på eit litt meir moderne nynorsk enn tidlegare bøker. Framsida er måla av den anerkjente kunstnaren Hennie Andersen. Biletkunstnaren, som har hatt fleire utestillingar på Osterøy, har medverka til at boka er eit lite kunstverk i seg sjølv. Ho har henta hovudpersonen ut or teksten og plassert henne under den høge himmelen på Shetland.
978-82-6906-260-1
0420344
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Hallgjerd går og ventar på kjærasten Torarin på Hjaltland (Shetland). Han held til bakom dei kvite skyene i aust. Bestemora sier at bakom dei kvite skyene, ligg heidninglandet Noreg. Hallgjerd lengtar etter den store kjærleiken. Torarin har lova at han ein gong skal koma attende til henne, men ho veit ikkje kor lenge ho må venta. Hallgjerd bur åleine på garden med bestemora, og ho pressar på for at den noko eldre naboen Unas skal få innpass. Forteljinga er i skjeringspunktet mellom sanning og løgn. Historiske personar og hendingar er fletta inn i forteljinga. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidet av BS.
Hallgjerd går og ventar på kjærasten Torarin på Hjaltland (Shetland). Han held til bakom dei kvite skyene i aust. Bestemora sier at bakom dei kvite skyene, ligg heidninglandet Noreg. Hallgjerd lengtar etter den store kjærleiken. Torarin har lova at han ein gong skal koma attende til henne, men ho veit ikkje kor lenge ho må venta. Hallgjerd bur åleine på garden med bestemora som pressar på for at den noko eldre naboen Unas skal få innpass som ektemann for Hallgjerd. Forteljinga er i skjeringspunktet mellom sanning og løgn. Historiske personar og hendingar er fletta inn i forteljinga. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidet av BS.

Dette er sjuande bok i serien om unge Hallgjerd på Hjaltland. Boka kan lesast utan å ha lese dei føregåande titlane.

Bakom kvite skyer


av Berit Vatne Vik
Bok utgitt 2017
Ledig (Avd.: Tjøme - Plassering: barn u V)
Bestill Husk denne

Dagen om natta


av Berit Vatne Vik
Bok utgitt 2003
Hylle: u
Husk denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Bakom kvite skyer
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom
https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=420344