Har bibliografi, noter, register
. - Kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg (1866-1950) gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Ho var den første kvinna som sykla i Drammen, den første kvinnelege fabrikkinspektøren, den første kvinna i sentralstyret i paritet Venstre og den første kvinna som tok ordet på arbeidskonferansen i Washington. Magnhild Folkvord har skrive den første biografien om ei modig kvinne som våga seg inn på område der menn tidlegare rådde grunnen åleine. Omtalen er utarbeidet av BS.
BETZY KJELSBERG (1866-1950) blei gjennom eit langt liv heile Norges Betzy. Kvinnesaksforkjemparen gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne.
Her følgjer vi Betzy Kjelsberg som ei av dei første kvinnene i bystyret i Drammen, som ein sentral person i den norske kvinnerørsla, som fabrikkinspektør gjennom 25 år, og som ein aktiv representant for Norge både på internasjonale arbeidskonferansar (ILO) og i Det internasjonale kvinnerådet (ICW). Som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i landet sette ho seg i respekt hos arbeidsgivarane og vann tillit hos arbeidarane. Ho gjorde ein stor innsats for å betre arbeidsforholda og arbeidsmiljølovgivinga i industrien, for åttetimarsdag og lønt fødselspermisjon, og mot barnearbeid og overtid.
Betzy Kjelsberg var også aktiv feminist, kvinneorganisator og politikar. Ho stifta mange kvinneorganisasjonar og var i partiet Venstre den første og einaste kvinna i landsstyret frå 1918 til 1938. I 1928 var det mange som etterlyste ei kvinne i regjeringa. Kvifor vart ikkje Betzy Kjelsberg sosialminister?