I trettisju år har Norman Koggen vore gymlærar. Men no er han pensjonist, og noko må han då bruke tida si på? Han bestemmer seg for å samle inn pengar til eit nytt stupebrett på Bystranda. Men då ordføraren kuppar heile planen går det frykteleg gale i Den Vesle Byen ved sjøen. Prosjektet, som skulle vere med på å skape ei ny framtid for byen, vert i staden eit sammensurium av politisk maktkamp, inkompetanse og prestisje. Regninga veks til uante høgder, og skandalen er eit faktum. Kvar skal det heile ende?
Gymlærar og stupeentusiast Norman Koggen har samla inn pengar til eit nytt stupebrett på den populære Bystranda. Ei lita sak sjølv i ein roleg soveby ved sjøen.
Men så går det heilt gale i Den vesle byen.
Ordføraren kuppar stupebrettet. Politisk maktkamp og velmeinande inkompetanse sender byen ut i ein millionskandale. Korleis kunne eit lite stupebrett til glede for innbyggarane verta eit mareritt av nasjonale dimensjonar?
Stupetårnet er eit eventyr frå kommune-Noreg. Så vilt er det at nokon knapt vil tru at det kunne hende i det verkelege livet. Midt i dramaet står ein eigenrådig ordførar, ein pensjonert gymlærar, ein tverr plansjef, ein overkreativ keramikar og ein irsk pubmusikar.