Forlaget skriv om denne boka: Lite og inkje har vore skrive om den gamle klesskikken i Jølster. Feltarbeid i Jølster gjort i 1960 og 70-åra fortalde om ein sterk tradisjon med røter attende til både mellomalderen og 1500-talet. Kleda har halde seg meir eller mindre uendra frå ein ættled til ein annan. Det er dette tilfanget som blir presentert her. Utgangspunktet er feltarbeidet med registrering og fotografering av plagg og påkledningsmåtar og oppteikningar om skikk og bruk. Skiftetilfanget er hovudkjelda for tida før 1800. Framstillinga omhandlar kvinnekleda i tida fram til fyrste fjerdedel av 1900-talet.