Livet i det gamle bondesamfunnet følgde eit nedarva mønster der alle ting greip inn i kvarandre. Også dansen var ein del av dette mønsteret. Kvart bygdelag hadde sin eigen tradisjon, anten dansen gjekk i gangar-, springar- eller polstakt. Dansemåtar og skikk og bruk kunne variere, men dansen var alle stader ei form for samvære mellom folk. Dei dansa ute eller inne, til spel eller tralling. Og dansen skapte kontakt, særlig mellom jenter og gutar. Han hadde såleis ei viktig sosial oppgåve. På sitt beste kunne dansen løyse ut eit overskot av humør og krat hos dansaren og frigjere han både kroppsleg og åndeleg - dansen var ei godteken form for utfalding og oppleving ut over den grå kvardagen.
Livet i det gamle bondesamfunnet følgde eit nedarva mønster der alle ting greip inn i kvarandre. Også dansen var ein del av dette mønsteret. Kvart bygdelag hadde sin eigen tradisjon, anten dansen gjekk i gangar-, springar- eller polstakt. Dansemåtar og skikk og bruk kunne variere, men dansen var alle stader ei form for samvære mellom folk. Dei dansa ute eller inne, til spel eller tralling. Og dansen skapte kontakt, særlig mellom jenter og gutar. Han hadde såleis ei viktig sosial oppgåve. På sitt beste kunne dansen løyse ut eit overskot av humør og krat hos dansaren og frigjere han både kroppsleg og åndeleg - dansen var ei godteken form for utfalding og oppleving ut over den grå kvardagen. Egil Bakka trekkjer trådane bakover til dei første teikn på dans i enkelte helleristningar og fram til vår tids moderne danseformer. Omtalen er utarbeidd av forlaget.